tirsdag 11. januar 2011

Prosjekt stovebord- FERDIG!


Skreiv tidlegare at vi hadde ein plan om å lage pallebord. No er bordet kome på plass, og vi vart kjempefornøgde!!:) Torbjørn pussa dei godt ned, og beisa med "drivved"farge.... Hjula kosta knappe hundrelappen på clas ohlson, og vips hadde vi eit stovebord med sjarm:) Noko originalt kanskje, men eit veldig praktisk bord. Pc`ane passa perfekt i "hyllene" i pallen, samt tøflene til Leah, bøker, (snop!!) osv...! Støvtorking går heilt fint, om nåken lurte på de, men e akkurat like kjedelig som med andre bord.....;)


Rustikkt?

mandag 10. januar 2011

Nydelig godnattsong

Mammas nissejente tek ein nisseblund <3

Nisser og griser og alle andre små,
skal være inne nå,
kose oss i bingen , og ingen
skal ha no vondt og tenke på
Takk for denne dagen ,
takk for gode ord,
og det gode vi fikk i magen,
nå ønsker vi en god natt til alle barn på jord .
nanannanana , nanananananana  
nanana, nana....

Storm og jentungen



Koseleg julekalender på nrk for både store og små:)
Og nattasongen? Ja, den er både fin og effektiv;)
Leah syng den ordrett no, og eg kjenner nesten eit snev av sakn til det koselege desember-programmet...:)


Filmsnutt av dei koselege nissane, og den fine gonattsongen:)


lørdag 8. januar 2011

Godt nytt år:)

Leah og mamma

Jula er då over for denne gong, og vi er allereide på god veg inn i det nye året. Håper dokke alle har hatt ei God Jul og vil ønske alle eit riktig godt nytt år:)

Ei lita oppdatering:

Tida og ånda til og blogge siste tida har vore lita, men er vel på grunn av at vi har hatt monge ting på agendaen. Sidan sist har eg og Leah flytta inn med Torbjørn framme på dalen, og må virkelig seie at det er ein hærlig følelse å kjenne på:) Leah har teke flyttinga veldig bra, og storkosar seg her framme. Har vore nok omveltningar for gojenta siste året, so er utrulig godt og kunne gi ho denne tryggheita, og det varmar eit morshjerte og sjå gleda av og være her framme. Her spring ho ut på tunet, køyrer traktor, besøker sauene og naboane, skogen rett utfor døra, ja trivselen er med andre ord stor, - det minner om og vekse opp i Bondalen slik eg sjølv gjorde:) Ein kan seie mykje rart om det og bu på bygda, men ein ting er iallefall sikkert, og det er at det er eit eldorado for ungane:) Med nyoppussa rosa prinsesserom i tillegg, der ho virkelig danderar, tralla ho i grunnen dagen lang, og er blitt ei flink og sjølvstendig gojente....med eit ørlite snev av treårstrass....kremt :)
Mine kjære <3 <3 <3
Alle tre gledar vi oss over det og endelig få skape ein heim i lag, med felles draumar, håp, mot, og både dele glede og sorger, latter og tårer.

Julefeiringa var absolutt vellykka, vi fikk go tid og nyte dagane og kose oss i lag med dei nærmaste. Leah
hadde store forventningar til alt dette julestyret, og eg trur feiringa stod til forventningane:) Nissegraut i løda, kakebaking, tid til å leike, julehandel, pakking, planlegging, levering av gåver, julepynting, julekjole, kalendergåver, nissane på månetoppen, selskaplegheiter, marknad, julesongar, EKTE nissebesøk, go mat og alt det andre som hører med:) Vi prøvde og sette krava for jula noko ned i år og bry oss om det som betydde mest, men litt julestress var det nok her på tunet og ja;)

Sidan sist har vi ønskt velkommen det nye året, pakka ut, og kome oss meir eller mindre i orden her framme, vore mykje ute i snøven og leika, hatt monge kjekke besøk, eller vore på besøk, ja- det har i grunnen gått so altfor fort heile desember....jula, romjula og nyttårshelga. Men når vi tenker tilbake er vi godt fornøgde, mange gode minner, glede, latter, leik, forventningar, spenning, ei lita tåre- sakn, varme, ein hektisk, men god Desember....

" Vi finner ikke lykken, vi skaper den..., livet består av øyeblikk- nyt dem....."

Julegåve frå Leah til mamma,
nydelig tavle der  jenta he tegna
(fv: Pusen, Leah, mamma,
og Torbjørn) Hærlig ja!? Sitat Leah: "Ehh, du Tobbebobben vart litt liten du då...men
det e no fordi ho mamma e ei sånne derre derre...eh klobbetønne, so ej fekk litt liten plass te dej då...;)



Ønske om eit godt nyttår!!!

<3 Leah
 <3 Torbjørn
 <3 Lene