tirsdag 19. oktober 2010

Prosjekt stovebord! Shabby chic i vinden.......

Er veldig glad i den stilen, likar å "potle" og lage til gamle møblar, rammer, krukker osv og gi dei eitt nytt liv. Syns denne stilen er så fin for den kan kombinerast med nesten alt ein vil, utan at det kostar skjorta og at alle heimane på ein måte er like. Har vel alltid vore glad i interiør...

Ein kan drømme seg vekk, og få mange ideear når ein kikar rundt på andre sine bloggar, og  ein dag viste Tante Olaug meg eitt stovebord på ein blogg som fall rett i smak!! Det var enkelt og greitt to værslitte pallar, som vart vaska og skura reine. Dei vart skrua i saman, og hjul vart skrua på under og ei glasplate lagt på toppen. Enkelt, røfft og stilig! No gjenstår det og sjå kor praktisk dette bordet blir?  Har lånt eit bilde frå emmaverden.blogspot.com der eg i grunnen stjal ideen.....kremt.....

Kva synst du?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar