mandag 14. februar 2011

Oppdatering...

Gojenta mi:)
Har vore ei lita "tørkeperiode siste vekene på bloggfronten, men det er vel fordi vi har hatt så mykje og styre med på andre frontar.....men men...bedre seint enn aldri, ekje de so?:)
Sidan sist har vi vore mykje ute i vinterlandet, ski, akebrett, besøksrunder til fjern og nær, baka, tegna, leika, jobba, mala kjøkkeninnredninga kvit, bursdagar, mala dører, hatt overnattingsgjestar, feira morsdag osv osv... Absolutt ingen problem med å fylle dagane nei, kunne av og til ønske dei hadde fleire timar.


Leah har blitt en reser på ski, trimrenna på bondalseidet er stor stas, og gojenta går heile runda! Stas og få klipp i kortet, og ho gler seg til ein etterlengta pokal! Ein reser har ho også blitt når det gjeld interessa for bokstavane, no skriv ho heile navnet sitt ordrett utan mal, so her prydar tegningar, kjøleskap, bøker osv LEAH med fine bokstavar frå ei lita barnehand.... :) Tenker med ett på kor fort stor ho har blitt, ein må huske og nyte kvar ein dag som ein har!<3 Stolt mor <3

 
Ei  søt lita Pippi,
som gler seg til Pippi-teater på Fredag!!!



Sidan sist i familien har Kjetil- far til Torbjørn , Håvard,-storebroren min, Anne- mora til Torbjørn, Reidar- bestefaren til Torbjørn, og Inger Johanne- bestemora til Torbjørn hatt bursdag!!! Sannelig mykje kake-eting på oss i de siste ja;) Og litt baking me:) Verre er det vel med trimminga....?:)


Då har eg iallefall oppdatert ein liten smule, meir bilder og oppdatering kjem etterkvart....;)


Ha ein fin kveld:)









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar