tirsdag 16. november 2010

Første gong til tannlegen!

I går stod dagen for tur, det var tid for første besøket med tannlegen for Leah. Spent og litt undrande satt vi på venterommet og venta på at ho skulle bli ropt opp, medan vi leika med leikene (som for øvrig var dei same som var der då eg var lita..).og øvde litt på kva vi skulle gjere inne med tannlegen:)


Når ho endelig vart ropt opp av ei blid tannlegedame, gjekk gojenta stolt og modig inn døra og sette seg på fanget mitt og gaaaapte opp - før tannlegen i det heile tatt hadde bedt om det:) Flink jente eller?



Posering i stolen:)

Mamma var iallefall kjempeSTOLT:)
- og det var ikkje vanskeleg å sjå at Leah var og, der ho fekk velge ei lita grøn skattekiste som premie frå skuffa på tannlegekontoret, og kunne reise og vite at der var ingen Kariusar eller Baktusar i tennene:)

Ha en fin dag alle sammen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar