mandag 22. november 2010

Kva ønsker du deg til jul?

I postkassa er det fullt. I butikkane er det fullt. På tv er det fullt. Overalt er det fullt-  fullt av det eine tilbodet bedre enn det andre om kva ein skal gi vekk til jul, og korleis ein skal forberede seg på jula. Gaver til mor, gaver til far, gaver til søster og gaver til bror, ønskelister på leikeblad, minst 20 ulike adventskalendarar å velge mellom, alt ein skal bake, vaske, ordne, og rydde. Huset skal være pynta etter alle kunstens reglar, kleda skal være flotte, treet skal funkle, og kjøleskapet skal bugne, julekorta skal være sendt til både aust og vest, ein skal hit og dit og litt til, stressa julehandel med køer som nærmast kokar over..og kva skal ein gi vekk i gåver....julegleda skal være stor og overskuddet selfølgelig på topp.

Kos eller stress? Er det i det heile tatt nødvendig å slite både seg sjølv, familien, vaskekosten og lommeboka ut fullstendig for at jula skal bli bra? Går det an å prøve å stresse ned og heller prøve og kose seg? Bakedag der ein bakar for å ha det kjekkt i lag med ungane, der det ikkje gjer noko om korleis baksten ser ut eller kor monge munnar den mettar, berre nyte gleda over litt skakke julemenn som smakar himmelsk, laga ein koseleg ettermiddag der kjøkkenet ser ut som eit bombeområde? Gåver etter kva ein har lyst til og gi, heimelaga, tradisjonelt eller utradisjonelt, uten å tenke kr og ører? Ser virkelig ALLE at eg faktisk ikkje har vaska toppen av kjøkkenskapa eller at roteskuffen faktisk enda er roteskuff? Neppe.

Eg synes krava til jula vert berre større og større, (Akkurat som Leahs krav til små søte kosedyr, hehe: les: bilde under ;) )at det sjølvsagt kan være ei hektisk tid er ikkje å benekte, men trur ein må sette seg ned av og til og tenke over kva som er viktigast...


Eg skal heller ha eit "helgavaska" hus, nokre få sortar julekaker som alle et, overskudd og smil, vite at kontoen ikkje er ute av drift, prøve og roe ned og nyte jula i lag med dei nærmaste. Kose seg, og gi kvarandre TID. Sjølvsagt vert det pakkar under treet, julepynta hus og alt som hører jula til, men skal ikkje sitte som ei gåen, småfurten kjerring etter alt som MÅTTE gjerast når endelig jula er koma:) Då skal vask få være vask, og krav være krav- jula er til for å nytast, tid for å glede andre, - være inne og kose seg med levande lys og besøk, ein tur i skogen med kakao i termosen, lese eventyr midt på dag under teppet, spele spel, tv-kos, rangle litt, ta seg tid til å lytte, snakke, glede seg over fine gåver, ein tur å tenne lys på gravene, god mat og ro, være mamma, venninne, kjærast. Puste. Senke skuldrane. Julefred og ikkje julestress...

Ro, glede, kos og tid, ja det ønsker eg meg til jul!:)


 
God adventstid...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar